fredag 1. mai 2009

Endelig klar for eksamen

Då var alle arbeidskrav godkjendt! Til og med filmen :) hipp hurra for det! Det var godt å få det unna, så får ein heller konsentrere seg 100% om eksamen!

Det som står i sentrum akkurat no er manus til podcasten. Mandag, eller tirsdag (avhengig av netteksperten vår ;)) skal vi i studio på høgskulen å lage radio! Eg gler meg litt til det...blir spennande, men det er også litt skummelt. Eg er ikkje skapt for å vere på radio...men eg for gjere mitt beste!

Håper vi oppnår noko av det vi har sett oss som føremål med podcasten!

fredag 24. april 2009

Blogg radio

Ved å klikke på overskrifta til dette innlegget vil du kome til refleksjonbloggen for arbeidskrav oppgåve 1 (nemleg podcasting).

tirsdag 21. april 2009

Hensyn

Delemnet hensyn i DKL 104 var i stor grad ein repetisjon for oss som tok DKL 101 i haust. Det gjer det ikkje mindre viktig. Dette er kanskje eit av dei emna som er mest relevant for stadig repetisjon. Vi må minne oss sjølve og dei andre som er rundt oss på ulike hensyn vi må ta når vi ferdast som produsentar på nettet.

Det vere seg hensyn ved publisering av bilete, personopplysningar eller gjenbruk av andre sitt materiale.

Når vi skal publisere bilete av andre er der mange hensyn å ta. Både dei som er avbilda og den som har teke bilete har visse rettigheiter. Dersom det er born under 15 år som er avbilda har også foreldra noko dei skulle ha sagt. Dersom ein skal publisere noko ein ikkje har tatt sjølv av nokon andre enn seg sjølv og dei en har råderett over, bør ein alltid ta alle forholdsreglar og sjekke ut at alle involverte tykkjer publiseringa er grei, FØR ein publiserer.

Dette gjeld og ved bruk av andre sine verk - som for eksempel musikk. Når eg skal lage ein video eller ein animasjon kan det vere interessant for meg å "låne" litt musikk eller lydeffektar til denne. Her er det svært viktig at eg enten bruker opphavsklarerte sider som er merka med CC-lisens eller liknande - eller kontakter den som eig rettigheitene og klarerer bruken.

Generelt sett så bør ein sette seg inn i dei gjeldande reglane om ein ikkje kjenner til dei frå før. Dette bør alle som ferdast på nettet gjere helst før...

Som lærarar i skulen vert det vår oppgåve å syte for at elevane fyl dei lover og reglar som ligg føre ved ev. publisering og ellers når dei ferdast på nettet. Vi bør og jobbe med bevisstgjering i forhold til personvern og hensyn dei bør ta før dei "publiserer seg sjølve".

søndag 19. april 2009

Arbeidskravoppgåve 3

Lure på om lyden kan vere litt høg om du har på headset...jobba uten headset heilt til eg skulle sjå den publisert. Ikkje tida til å fikse på det no. OBSOBS



Maaange utfordringa med filmproduksjon... føler eg har gjort dei fleste feila. Men har lært mykje ;)

Kan nevne noko eg burde gjort annleis:
*Burde hatt eit stativ - då filminga mi var ustødig, og til tider litt "hoppete". *Burde fått til ei betre lysordning.
*Kunne med hell ha planlagt gjennomføringa betre
- med tanke på klippinga (slik det står no har eg problemer med å fjerne meir utan at det vil øydeleggje for bodskapet, og eg skulle berre bruke 3 min),
- eg burde og vore klarare på at alt skulle foregå på ein plass, no flyttar aktiviteten litt att og fram, frå benk til benk... det gjer filminga og klippinga litt uryddig.

fredag 17. april 2009

Samling 3 DKL 102

No sit eg egentlig og redigerar litt på A3. Tykkjer i grunn det er kjekt å arbeide med dette, men engasjementet har begynt å begrense seg etter snart 17 timar "på"! Trur heller eg vil reflektere/blogge litt om torsdagen og dagens samling.

Torsdag arbeida vi i responsgrupper. Her skulle vi gi tilbakemelding på kvarandre sine mappeoppgåver og kanskje tipse kvarandre litt til kva for nokre oppgåver vi burde velje til eksamen. Eg og Morten, som eg var på gruppe med, vart forholdsvis tidleg ferdig... om dette var fordi vi gjorde det for lite grundig eller ikkje, det veit eg ikkje, vi følte i alle fall at vi gjorde det vi skulle. Eg er ikkje så mykje klokare med tanke på eksamen, men eg har fått litt meir å bygge vidare på til eg skal ferdigstille oppgåvene.

Fredagen hadde vi besøk av Tor Arne Wølner, som er ein av forfattarane til ei av pensumbøkene våre. (Sansynlegvis den einaste boka ALLE studentane har). Det er ei god og nyttig bok, som vi har brukt mykje! Forventningane til dagen var sjølvsagt store, og dei vart heilt klart innfridde. Eg lærte mykje frå fyrste stund både ein del om porteføljemetodikk - som vi alt har lært ein del om, og litt nye ting. Desverre var det tida som la ein dempar på dagen (også denne gangen) - då det vart litt vel hektisk for min smak (praktisk del i andre halvdel av dagen). Det er synd at vi skal ha så dårlig tid at vi ikkje rekk å gjere oss ferdige, presentere arbeid for kvarandre, og gi kvarandre vidare respons og hjelp til vidare refleksjon.

Ein av dei tinga vi lærte om idag var animasjon og litt rundt dette. Dette var kjekt og spanande å jobbe med...og eg fekk krota opp i ein del ting som eg heilt klart hadde kjempa med om eg skulle tatt til med dette utan rettleiing. Eg kunne godt ha set i gang eit slikt prosjekt i ei klasse trur eg. Men då må vi ha litt meir enn 15 min til å sette saman "filmen". Sidan vi hadde så lite tid fekk vi ikkje lagt inn alle bileta og tilpassa lyden skikkeleg.(Trass grundig storyboard!!!) Vi berre las direkte inn i moviemaker, og prøvde å legge på dei bileta som var ca tenkt til replikkane. Animasjonsfilmen vår ber heilt klart preg av hastverk - men vi lærte mykje - det er vell det viktigaste ;)!



Ein annan ting som heile tida hadde fokus i dagens undervisning, var eleven og eleven si læring. Vi må ikkje miste syne av faget når vi skal jobbe med slike "kjekke" digitale ting som animasjon. Det kan fort ende opp i berre digital morro... og dette er jo svært sjelden vi er ute etter.

Her kjem vurdering inn som eit viktig punkt. Dersom vi set opp teikn til ulik grad av måloppnåing, der kompetansemåla ligg til grunn og heile tida er mål som elevane jobbar imot, kan vi kvalitetssikre arbeidet. Når elevane skal ta til på eit arbeid - for eksempel ein animasjonsfilm, kan det vere lurt at dei sjølve får vere med på å bestemme kva dei vil lære meir om. Dei kan for eksempel få "velje" frå ein meny av ulike mål dei ynskjer å nå i løpet av prosessen. Her vil ligge ulike mål der vanskelegheitsgrada varierer. Elevane bør og få ta del i vurdering av måloppnåinga gjennom og etter arbeidesprosessen.

Skrive fort test

Tok en test etter tips i bloggen til Karina, det var artig (trass flashback til touch-traumer frå videregåande)hehe!

92 Ord

Speedtest

tirsdag 14. april 2009

Filmalternativ 2

FILMALTERNATIV 2:
Lage/filmatisére en fremgangsmåte (kall det en bruksanvisning) ved å filme og klippe en
prosess fra A-Å.
Dette kan f.eks. være å skifte hjul på en bil, lage en matrett, henge opp et bilde,
beskjære et tre, lage en podcast etc. Filmen skal ha minst 5 forskjellige kamerautsnitt
(Ultratotal, Total, Halvnært, Nært og Ultranært utsnitt). Du kan bruke håndholdt kamera
og/eller stativ. Filmen skal ikke ha dialog. Lydeffekter er tillatt. Bruk kunnskap fra
leksjoner og pensum aktivt.
Maks lengde på filmen: 2-3 minutter.

_____________

Dette er det eg skal ta utgangspunkt i når eg skal gjere arbeidskrav 3. Eg har fått ei venninde til å hjelpe meg litt. Ho skal bake kake, eg skal filme.

No når eg er midt i filminga ser eg viktigheita av å planlegge på forhand. (Dette hadde eg sjølvsagt gjort). Svært nyttig med eit storyboard som syner dei ulike kamerautsnitta. Men det er vanskeleg ... håper eg kjem i land med noko fornuftig. Håper moviemaker kan hjelpe meg seinare ... :)




Prosjektplan til eksamen

Prosjektplan??? Til 13 april??? Det var ikkje med i berekninga... det heller. Det vart eit hastemøte i gr. der vi kom fram til at vi vil bygge vidare på Arbeidskrav 1 - nemleg PODCAST. Vi fekk gode tilbakemeldingar på dette arbeidskravet, og føler at dette var spananade og utfordrande. Derfor vil vi prøve oss litt meir på dette!

I løpet av påska har prosjektplanen kome på plass ved hjelp av eit samskrivingsdokument i google. (Korleis har eg klart meg i 3 år på lærarutdanninga utan google docs??? spør ikkje meg...!) Den skriftlege og formelle biten er det i hovudsak Mona som har stått for - med litt bidrag frå oss andre inn i mellom. Vi må prøve å balansere det opp igjen seinare i eksamensarbeidet.

Eg er svært fornøgd med den planen eg leverte for rettleiing igår, eg tykkjer den var grundig og gjennomtenkt - og eg trur ikkje vi vil få problemer med å gjennomføre den.
Samtidig har eg jo svært lite erfaring med slike planar, så det gjenstår no å sjå om vi er på rett spor. Det fine med ein prosjektplan er at han kan justerast langs med...

mandag 13. april 2009

Informasjonskompetanse

Dette blogginnlegget (og mange av dei som kjem snart) burde vore publisert for lenge sida, men sidan tida ikkje har strekt heilt til i det siste for eg kome med ei perlerad no i innspurten.

Eg har for lengst lest og fullført mappekravet som fyl med leksjonane innan delemnet informasjonskompetanse. Dette er eit utruleg viktig og nødvendig tema å ta føre seg. Eg lærte svært mykje av leksjonane - både om "feller" som eg sjølv går i når eg er på jakt etter informasjon på nettet, og om ting som er aktuelle for arbeid i skulen. Berre korleis ein kan søke etter informasjon, og ikkje minst - korleis informasjonen kan kome til meg, ved bruk av RSS frå dei "kanalane" eg er interessert i. Til dette ser eg på informasjonsnavet netvibes som eit svært nyttig vertkøy - og ser føre meg at eg vil bruke dette som startside både i privat samanheng og på arbeid.

I mappeoppgåve 3 skulle vi beskrive eit scenarie der det var aktuelt å bruke eit slikt informasjonsnav i skulen. Her bestemte eg meg for å lage ein netvibes som fokuserte på helse, ernæring og trening. Eg føler ikkje at eg er ferdig med denne oppgåva, men den skal få stå som den er til eg har fått tilbakemelding.

Å lage ein netvibes var ei overraskande enkel og lite tidkrevjande oppgåve. Det vanskelege er sjølvsagt å finne den gode informasjonen - RSS-kjeldene og anna som ein vil ha med. Eg trur at det fort kan verte for mykje informasjon, så ein gylden middelveg er vell å foretrekke også i dette tilfellet.

Eit anna moment ved informasjonkompetanse er kjeldekritikken. Korleis kan vi vite at det vi finn på nettet er brukandes til vårt formål? Eg har nok sett meg blind på flotte design og proffesjonell utføring mange gangar på leiting etter informasjon - sjølv om kanskje seriøsiteten bak nettsidene ofte ikkje er så høg som det skulle sjå ut til ved fyrste augekast. Leksjonane frå Overland har synt gode strategiar i arbeidet med å finne ut kva ein kan stole på og ikkje. Her er blant anna fylgjande spørsmål aktuelle; KVEN har publisert nettsida? KVA er hensikta med nettsida, eller KVA er motivasjonen til dei som har publisert nettsida?

Ein fin tommelfingerregel når ein skal arbeide med informasjon på nettet er TONE.

• Troverdighet
• Objektivitet
• Nøyaktighet
• Egnethet (VIKO)

fredag 20. mars 2009

Videoproduksjon

19. og 20. mars hadde vi samling om videoproduksjon. Dette var to hektiske og lærerike dagar, der filming og kameravinklar stod i sentrum. Gruppe 2 (Eg, Kristin og Grethe) laga ein litt rar film om ei kvinne som skulle føde drøymeprinsen. I redigeringsprosessen gjekk det litt fort i svingane, og vi har diverre brukt musikk som ikkje er opphavsklarert - og dermed kan eg ikkje publisere videoen.

Eg tykkjer samlinga var løyst på ein god måte som gav meg lærdom som kjem til nytte no når eg skal til å lage video på eiga hand. Det viser seg gang på gang at "learning by doing" har noko for seg. Sjølve videoen vår vart både rar og amatørmessig, men kva anna kan ein vente når ein har berre eit par tima på seg...samtidig som ein ikkje har vore borte i noko liknande før. Vi klarte oss bra etter forholda tykkjer eg.

Interessant å lære om korleis bruken av kamera er med på å fortelje ei historie. Dette er noko eg ikkje har tenkt over før. Eksempelet til Fride frå RAISING ARIZONA illustrerte perspektiv og synsvinklar på ein god måte.

Vi brukte moviemaker til å redigere filmen. Fyrst hadde vi mange "artige" overgangar frå klipp til klipp...men som forventa så var ikkje dette særlig bra filmtriks... :) hehe...betre å filme bra slik klippa ikkje vert så synlege.

Blir spennande å sjå kva oppgåve som kjem idag. Lage film åleine...lurer på kven som skal vere skodespelar...

lørdag 14. mars 2009

Nettavis klar for respons

No trur eg at eg for seie meg fornøgd med nettavisa vår i fyrste omgong. Eg kan trygt seie at dei 20 timane vi (eigentleg) skal legge i studie pr. veke - er passerte for lenge sida. Og sjølv om eg ikkje burde seie det, så skal det sant seiast at artiklane ikkje har blitt ofra ein halv av dei ein gong. Heldigvis fekk eg med meg René som assisterande redaktør tidleg i "leiken", hadde eg ikkje hatt han å dele frustrasjonen med, så veit ikkje eg.


CSS og HTML redigering...programering...tal, teikn, bokstavar -blir til malar med ruter, lenkjer, headere, bilder og tekst. Korleis det heile heng saman, og kva som gjer at det blir slik som det blir - det er fortsatt eit stort mysterium for meg... men eg har lært utruleg mykje (synst eg sjølv). For kvar lisje oppdagelse som fører til "kontrollert endring" er det stor siger "på loftet"! Det har vore veldig kort mellom oppturane og nedturane. ...for kvar gong ein oppdagar noko nytt, så vil ein berre finne ut av meir - og når (nesten) alt tek like lang tid å finne ut av, så gløymer en fort at ein nett var under taket av stoltheit.

Eg ser føre meg at oppgåva som var gitt i utgangspunktet ikkje hadde som intensjon at vi skulle gå så djupt i redigeringa som vi har gjort. Samtidig så hadde vi ikkje kunna utforma avisa på ein hensiktsmessig måte om vi ikkje hadde gjort det... ( Kanskje var det meininga at dette skulle vere ei enkel sak...?!?!?...det var det iallefall ikkje for min del.)




Nettavisa vart no fin etterkvart den. Heldigvis klarte vi å finne ut korleis vi skulle plassere artiklane på framsida i dei to forskjellige kolonnene under arkfanene. Det var ei stund ei frykt for at eg ikkje skulle klare det....og eg ropte fortvilt etter hjelp i forum! ..men då det ikkje kom svar måtte eg berre fortsette å leite - og jaggu så dukka det plutseleg opp eit lys!

Når det gjeld artiklane (tekstane) mine i avisa, så har eg ikkje ein gong lest over dei sidan eg publiserte dei på nett i den individuelle nettavisa"... Det har eg rett og slett ikkje hatt verken tid eller overskot til. ALL fokus har gått på utforming av gr. nettstaden. Eg skjønar ikkje heilt korleis det er tenkt når ein person skal vere redaktør - og samtidig ansvar for heile den tekniske biten. Dette burde vere noko alle fekk prøve seg på. Det kunne gjerne ha vore øvingsoppgåver eller liknande i forkant - slik ein slapp å hive seg ut på det med ansvar for heile gruppa sitt arbeid. Eg skal ikkje klage...slik eg ser det, var eg ein av dei heldige som hadde redaktøransvar. Eg har fått lære mykje om noko som faktisk kan vere greit å ha med seg når ein skal jobbe med litt forskjellig på nett. Ein forstår no LITT meir...om enn ikkje så mykje!

Takka stort til gruppa mi som har tålt mange meldingar...både fortvilte og glade, gjennom veka. Hadde det ikkje vore for at eg har medstudentar å vende meg til, så hadde denne veka fore heilt forferdeleg. Det er noko heilt anna å skape noko saman med nokon andre. For meg er det iallefall viktig å ha nokon å dele både frustrasjon og siger med!

No er det responsen til gruppe 2 som står for tur! Dei er så flinke alle fem, at det blir sikkert ein dans på roser av konstruktive og positive tilbakemeldingar! ...men det for likvel vente til i morgon! NO er det natt!

onsdag 11. mars 2009

Nettavisarbeid

2. teksta til den individuelle avisa har no etterkvart kome på nett. Etter mykje frustrasjon av skrivesperre. Mangel på tid, gjer skribent jobben til ein vanskelig ein. Eg føler kanskje at oversikta over sjangrar og kva som egnar seg i ei nettavis og ikkje, ikkje er heilt på plass. Men dette er vell eit vidt begrep, og det skal vell mykje til å skrive ei tekst som ikkje høyrer heime nokon plass...

Når det gjeld gruppearbeidet(A2) så er dette fortsatt på eit svært tidleg stadium. Eg ser ikkje heil for meg kva, kvifor korleis... men der er mykje spennande å ta tak i. 
Det eg stussar mest i  er oppgåvefordelinga. Er det slik at redaktør skal ordne alt det tekniske - tema, utforming osv.? mens dei andre på gruppa berre skal levere dei to artiklane dei alt har skrive i den individuelle nettavisa? Dersom dei skulle forbetre artiklane, ev. utvide omfanget eller noko.... men slik eg ser det så står gr. arbeidet og fell på redaktør denne veka. Derfor har eg delt administrator passordet med resten av gruppa, og spurt spesielt René om han kan vere co-editor! Alle får sjølvsagt bidra i den grad dei har muligheit og lyst til det! Det skal jo vere eit samarbeid. 

Må seie at eg kunne ha tenkt meg litt meir konkrete øvingsoppgåver i forhold til dette med redigering av CSS og slikt. Føler at eg trakkar litt på neler i forhold til redigering i gr. avisa, med tanke på at få redigeringar kan føre til at alt blir øydelagt. Prøving og feiling er ein fin ting....men litt skummelt når ein prøvar og feilar med noko som er felles arbeid. 

fredag 6. mars 2009

Artikkelskriving

Då har eg publisert min fyrste artikkel(dette er jo eit vidt begrep...om det kan kallast for ein artikkel det veit eg ikkje...den er kort...heller ein notis kanskje) i nettavisa. Det er fortsatt litt svevande når det gjeld journalistiske sjangrar - men eg trur kanskje det er litt øving gjer mester. Kanskje vi får litt meir input i neste leksjon... 
Akkurat no er det fredags kveld, og eg har tenkt å gjere dei to artiklane som må vere klare før søndag - enklast mogeleg. Sidan det er 1000 andre ting som MÅ gjerast i helga. 

Det fyrste bidraget er i den ånda på heile 207 ord. (Minimum 200).

I skrivande stund kjem eg på at eg har gløymt å legge til bilete...det var også eit krav. Dette for vente til i morgon... 

Digital arena

I forbindelse med samling 2 skulle vi lage eit undervisningsopplegg der elevane skulle bruke google earth. Vi kom ikkje så veldig langt, men vi fikk lista opp punktvis kva vi hadde tenkt. (sjå arbeidsmappe 102). Vi såg føre oss at elevane skal samarbeide med ei klasse i England - og i denne sammenheng - presentere heimbygda si Volda. Dette skal dei gjere ved å lage korte presentasjonsvideoar i picasa - som skal innehalde lyd, tekst og bilete. Desse filmane skal etterkvart lastast inn i google earth og plasserast. Slik vil ein kunne få ein "tour" gjennom Volda - der ulike deler av Volda vert presentert med ein video. I vårt eksempel har vi lage ein kort video med bilete frå Haualeite.

Overraskande enkelt å lage videoar av bileta i PICASA (lokalt installert på maskina, versjon 3)! Dette verktøyet vil heilt klart vere enkelt og greit for elevane å nytte i skulen. Google earth er og eit fascinerande verktøy.... må lære meir om dette!

torsdag 5. mars 2009

Design- header

Etter kommentar frå Stine, systra mi: "er det ei familieavis du skal lage?" ... følte eg ein viss trang til å gjere headeren litt meir anonym - håper eg har lukkast med det. Poenget var jo at det skulle vise ulike digitale media, på ein litt personleg måte.

Her er det nye forslaget:
Kva tykkjer du? Betre eller dårlegare? Den var kanskje litt intens... Kommenter gjerne... Eg vart så flau at eg fjerna kommentaren til Stine - angra på det no, men får desverre ikkje gjort det om. Er ein prosess dette med å blogge - men eg lærer!

I samlinga idag snakka Helene litt om design og visuell identitet. I den forbindelse hadde ho laga lik header for både blogg, nettstad og nettavis. Det tykkjer eg var ein særs god ide - dermed har eg herma! Takk Helene ;). Om det blir slik etterkvart for vi sjå, dei er jo i stadig endring desse nettstadane.

onsdag 4. mars 2009

Avisproduksjon

Natt til tirsdag starta med eit aldri så lite sjokk; A2 - vi skal lage nettavis :) spennande! Frist nr. 1 - 8 mars! NO søndag! HJELP! Umiddelbar melding i fronterforum dagen etter - dette må jo vere ein spøk tenkte eg, men det var det ikkje.

No når eg har fått roa meg litt då, gått igjennom avisleksjonen - oppretta nettstad for individuell avis, og i det heile, så ser eg jo at det kanskje ikkje var så heise gale likevel. Eg gleder meg til arbeidet med avisa. Litt stress taklar vi ...

Headeren for nettavisa mi ser foreløblig slik ut:
Vi skal opprette ei nettavis - fyrst individuell (sikkert for at alle skal lære gangen i det), og så gruppeavis, neste veke. Verktøyet vi skal bruke er
wordpress. Dette verktøyet virka i det store og det heile veldig enkelt og greit og ha med å gjere - forstår ikkje heilt kvifor vi ikkje nyttar dette for arbeidsmappa- men det har sikkert ei logisk forklaring det og... som eg sansynlegvis skal ha fått med meg i ein eller annan leksjon.

Lærdommen her er vell at eg bør skaffe meg oversikt FØR eg giv laust i forum ved seinare sjokkopplevingar...

lørdag 28. februar 2009

Mappeoppgåve2

Eg må seie at eg til slutt er fornøgd med M2resultatet vi saman har skapt på gruppa. Vi har lagt mykje arbeid i denne oppg., så det blir spennande/ litt skummelt å få tilbakemelding!
(Resultatet vil etterkvart dukke opp i arbeidsmappa, under samansette tekster)

Mange av desse samarbeidsverktøya vi har er rett og slett geniale - Skype, google docs, mindomo, msn - samarbeidet har gått smertefritt, og eg ser heilt klart at dette kan brukast også i grunnskulen. (så lenge det virka som det skal)

Noko frustrasjon sit eg likevel igjen med, då google docs ikkje fungerer som det skal for tida. Har gjort opp att ting 100 gongar, og dette er ikkje akkurat motiverande. No ser det ut som eg har fått på plass det eg ville ha på plass...så for vi håpe det ikkje endra seg før nedlasting til pdf funksjonen er oppe å går igjen. (Kanskje er det eg som gjer noko feil?)

No må eg vertfall satse på å få lest nokre leksjonar i 104, så eg ikkje ramlar heilt av lasset.

tirsdag 24. februar 2009

Comic life

No har eg testa ut comic life! Her kan du sjå eit eksempel. Dette er eit artig verktøy, som er enkelt å bruke. Det kan gjere arbeidet med samensatte tekster til ein leik...men vi må halde fast i fokuset på læring.

Det er ikkje vanskeleg å finne grunngjeving for bruk av denne type verktøy i L06. I læreplanen sin generelle del finn vi blant anna at; Bruk av digitale ferdigheter i det pedagogiske arbeidet i og på tvers av fag, vil gi elever fortrolighet og tillit til teknologien og dens muligheter...[...]...Å kunne bruke digitale verktøy i norsk er nødvendig for å mestre nye tekstformer og uttrykk. Dette åpner for nye læringsarenaer og gir nye muligheter i lese- og skriveopplæringen, i produksjon, komponering og redigering av tekster.

Desse kompetansemåla er alle henta frå hovudområdet samensatte tekster:

Etter 2. klasse:
arbeide kreativt med tegning og skriving i forbindelse med lesing

Etter 4. klasse: lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde

Etter 7. klasse: lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy

Etter 10. klasse:
  • bruke ulike medier, kilder og estetiske uttrykk i egne norskfaglige og tverrfaglige tekster
  • vurdere estetiske virkemidler i sammensatte tekster hentet fra informasjons- og underholdningsmedier, reklame og kunst og reflektere over hvordan vi påvirkes av lyd, språk og bilder
(http://www.udir.no/templates/udir/TM_UtdProgrFag.aspx?id=2103)

Eg trur og at Comic Life kan vere eit nyttig verktøy i arbeid der elevane skal sette seg inn i roller, og ev. skape dialogar og jobbe med haldningar. For eksempel i arbeidet mot mobbing. Her kan elevane (på ein litt ufarleg måte) setje ord på ting og skape fiksjon, samtidig som dei vil verte meir bevisste på ulike roller som oppstår og korleis det kan opplevast.

M2

Arbeidet med denne oppgåva starta i eit diskusjonsdokument i google dokumenter, her delte vi tankar og idear om korleis vi kan gripe ann denne oppgåva. Heilt i startfasa av oppgåva oppretta Siv Mette eit tankekart i mindomo - der vi strukturerte oppgåva og organiserte tankar og idear. Dette verktøyet er svært nyttig, spesielt i startfasen av arbeisprosessen, då det sorterer og sammenfatter tankane på ein oversiktleg måte.

Det vidare arbeidet med oppgåva har gått føre seg pr. skype, msn og i samskrivingsdokument i google dokumenter. Eit nettmøte igår staka ut kursen for siste del av arbeidet med oppgåva, og det ser ut som vi vil halde det nettbasert heile vegen.

Emne for denne oppgåva er samensatte tekster. Dette er eit vidt og omfattande emne som kan by på mange interessante utfordringar. Ei av dei er alle dei "kreative" verktøya som er tilgjengelege for utforsking og arbeid. Kva skal vi presentere for elevane? Kva type verktøy høyrer heime i denne sammenhengen? Eg trur det er vanskeleg å svare på dette spørsmålet. Det er viktig at læraren kjenner dei ulike verktøya han vel å presentere for elevane, slik at begrensningane og mogelegheitene er klare. Nokre område kan stå opne for elevane for utforsking, mens andre bør ha konkrete og klare mål i læringsarbeidet.

lørdag 31. januar 2009

Mediedanning?

Mediedanning...

Mediene er komne for å bli, og uansett korleis ein vrir og vender på det så er medier ein stor og avgjerande del av livet til born og unge. Det er lenge sidan "skulen/ læraren" sat på all informasjonen, og kunne selektivt velje kva elevane skulle få vite gradvis etterkvart som dei var modne for det. Alle som har tilgang til medier som tv, radio og ikkje minst internett har og tilgang på underhaldning og informasjon frå heile verda. Ikkje alt er like lett å ta inn over seg. Ei utfordring vert å hjelpe elevane til å forstå, tenke kritisk, og vere bevisste. Dei vil ikkje automatisk vite korleis dei skal forhalde seg til alt dei møter...

De unge må skape sin indentitet i krysspresset mellom den stadig endrede mediekulturen og den gallopperende nye medieteknologien, trenger mer enn verktøy. De trenger tid til refleksjon, stabilitet og mulighet til å lære empati og ansvar. Datamaskinen kan aldri erstatte den menneskelige interaksjonen og en anderkjennende dialog mellom lærer og elev (Vettenranta et al., 2007, 19).


Dei unge MÅ forhalde seg til media, og vil heilt klart bevisst eller ubevisst ta med seg det dei møter i skapinga av eiga identitet. Elevane vil trenge hjelp og tid til å reflektere over det dei møter. Dei må få mogelegheit til å lære seg å kjenne empati og ansvar. Dette kan dei ikkje lære frå datamaskina. Dialogen mellom lærer og elev kan ikkje erstattast. For at læreren skal kunne bidra med noko i denne utviklinga av elevens mediebevisste og mediekritiske blikk, må læreren sjølv kjenne til den stadig endrende mediekulturen.

Mediepedagogiske optimister viser entusiastisk til Vygotskys sosiokulturelle læringsteori og de muligheter de nye mediene eller artefaktene kan tilby innenfor rammen av de unges vektstone for læring eller den nærmeste utviklingssonen...(...)...spontane begreper utvikles i dagliglivet, gjennom elevens medieerfaringer, mens vitenskapelige begreper skapes gjennom skolens strukturerte meideundervisning(Vettenranta et al., 2007, 22-23).


I mange tilfeller vil elevene kunne lære av kvarandre og vere kvarandre sine meir kompetente andre når det gjeld medieundervisning. Kanskje spesielt på den tekniske biten. Den kritiske haldninga og medvitet rundt kva ein gjer og kvifor ein gjer det vert likevel læraren si største utfordring innan medieundervisninga.

På DKL studiet har vi heile tida hatt dette perspektivet på alt vi gjer. Vi skal lære å lage animasjon og produsere ein podcast. Men kvifor gjer vi dette? Korleis kan dette vere med på å utvikle eleven ved bruk i skulen? Korleis kan vi nå måla i læreplanen? Både grunnleggjande ferdigheiter - som for eksempel å kunne bruke utøve nettvett, kjeldekritikk, ha kjennskap til personvern og lover og reglar som gjeld i arbeidet dei gjer på internett. Eller meir fagspesifikke mål som å kunne vurdere estetiske virkemidler i sammensatte tekster hentet fra informasjons- og underholdningsmedier, reklame og kunst og reflektere over hvordan vi påvirkes av lyd, språk og bilder (UFD 2006).

fredag 30. januar 2009

Podcasting!

Då var fyrste samling på DKL 104 unnagjort! Tida susa avgårde som vanleg og eg sit igjen med bakoversveisen inntakt! Neste gang må eg hugse å ta på hjelm...

Vi har delvis lært om radio, kva skal ei god radiosending innehalde?!? Nokre element hadde eg nok tenkt på frå før, men der var maaange fleir - som eg ikkje tenkjer ta opp att her! Godt at det kjem ein leksjon på mandag ;)! Eg har omsider fått taket på...(trur eg) kva ein podcast er! Hovudforskjellen frå nettradio (slik eg har forstått det) er at ein podcast kan du abbonere på... trur ikkje eg skal legge meg ut i ein meir komplisert beskrivelse enn det!

Vi har fått prøvt litt forskjellig praktisk når det gjeld podcasting - trur det hadde blitt VANSKELEG(are) å gjennomføre mappeoppgåve 1 uten denne samlinga. Greit å få fortvile litt med kyndige førelesarar(og ellers flittige medstudentar) tilstades ;)... før ein tek til på eiga hand!

Kjempekjekt!!! å halde på med medieproduksjon! Gleder meg til å vere lærar og ha peiling på dette - og (kanskje derfor)få vere den som får ta del i slike prosjekt saman med elevane! Alle som berre tek 102 må sjølvsagt ta resten neste år ;)!

Alt i alt så sit eg igjen med eit positivt inntrykk av samlinga. Skulle berre ønske dei varte litt lenger desse samlingane...

Fyrste_podcast_test

Dette er Linda sitt bidrag til mappeoppgåve 3 i 101....

torsdag 29. januar 2009

Forandra på malen!

Måtte berre kommentere at eg ENDELEG har funne ut (faktisk heilt av meg sjølv) korleis eg kan redigere bloggmalen! Synst det var så trasig at hovudteksta vart samla i slik ei smal "spalte" eller kva eg skal kalle det! Måtte litt prøving og feiling til! Men fikk det til til slutt! Er heller usikker på om utsjånaden på bloggen vart betre...? Kva synst du?

... mektig stolt er eg vertfall! (om ikkje det var heilt klart!)"Eit skritt om gangen mot digital kompetanse" som Elena sei ;)

Bloggvandring

Skal berre lese eit blogginnlegg..... - oi der var ei spanande lenkje - ny blogg, kjekke youtubevideoar, som viser til ny blogg! Plutseleg har eg vore innom bloggen til Leif Harboe og Bård Vegard Solhjell?!?... Har blant anna har "lært" at Leif Harboe også har ein kaotisk heim - han tykkjer det er mykje kjekkare å lese bøker og gå ut i helgane, enn å rydde og vaske heime! Hearhear!!!

Poenget var at det er ikkje så lett å halde fokus i dette studiet! Er så mykje spanande å sjå... og kvar dag så rotar eg meg ut på ei lang ferd i nettets verd!

Denne synst eg var så tøffe; Måtte berre ha den med...

Laga av KLIPP OG LIM! Manus og innlesing av Are Kalvø

tirsdag 27. januar 2009

Samarbeid!

Fortsatt litt usikker på korleis eg skal bruke denne bloggen... Sjølv om eg veit det så vel. Refleksjon refleksjon refleksjon! Det er viktig! Tenkjer vell litt at mine tankar rundt det som skjer ikkje høyrer heime "på nettet"...men eg skal gjere eit forsøk på å dele litt likevel!

I går møtte gruppa mi til samarbeid og idèmyldring rundt mappeoppgåve 1! Trass litt store avstandar (frå Måløy - Volda - Ulsteinvik - Larsnes og Fosnavåg) så valgte vi å møtast face to face på arbeidsplassen til Karina -
nemleg Bergsøy skule i Fosnavåg (Borga) (som min far ein
gong har gått på trur eg)!
Imponerande nok så møtte alle gruppedeltakarane og vi hadde ei kosleg stund med (te)...kaffe, kjeks og litt idemyldring rundt oppgåva. Det som viser seg er at tema fort flyt ut over rammene!
Det er så mykje spanande og ta tak i, både praktiske ting og pedagogiske diskusjonar og erfaringar dukkar opp. Spesielt praktiske pedagogiske erfaringar tykkjer eg er svært interessant og få med!!! Det kan eg ikkje lese meg til.... !
Vi er fortsatt i startfasen, og utforming av blogg og nettstad er for eksempel emne for tidsbruk!!! Når alt kjem til alt så føler eg at eg hadde godt utbytte av møtet! Arbeidsmoralen, og samarbeidsmoralen i gruppa ser ut til å vere høg! Jippi! (Trur det hjelp med litt møter av og til)

Elena samla ein del trådar som dukka opp i eit mindomokart, som etterkvart vil verte publisert i arbeidsmappa! Mykje spanande stoff å ta tak i til denne oppgåva, problemet vert vell nok ein gang å begrense seg...

_________________
Biletet av Borga er henta frå: Herøy kommune sin nettstad

onsdag 21. januar 2009

Sosial web som læringsarena?

Interessa for den sosiale weben har eksplodert dei siste åra, og sosial programvare som msn, facebook, YouTube og liknande har blitt ein viktig del av ungdommens sosiale liv. Her deler dei bilete, videoklipp, erfaringar og elles det dei finn av interesse. Samtalen går lett, anten gjennom IM eller kommentarar til bilete og/ eller meldingar i gjesteboka. Forskaren Petter Bae Brandzæg tek sikte på å gjere greie for ein teori rundt korleis nettsamfunn vert brukt, i det undersøkjande arbeidet har han blant anna kome fram til at heile 53% av alle nettbrukarar i Noreg mellom 15 og 75 år er aktive brukarar av nettsamfunn. Heile 25% av Noregs befolkning er medlem på facebook!

Spørsmålet er kor mykje av den sosiale programvara som elevar/ studentar tek i bruk på fritida har noko i det formelle læringsmiljøet å gjere?

Michael Wesch har vist seg å vere ein av dei som stiller seg positive til bruk av den sosiale weben som læringsarena. Han tok tak i "sine eigne" studentar på Kansas State University for å få dei til å sei si meining om den undervisninga dei vart tilbodne. I undersøkinga, der 131 studentar deltok, kom det fram at gjennomsnittet av studentane leste under halvparten av det pensumet som låg til grunn for studiet. Av dette igjen var det berre 26% som vart oppfatta som meiningsfullt for deira liv. Ein stor del av studentane erkjende å drive tida med ”facebooking” eller andre liknande aktivitetar under førelesingane.

Wesch påstår at dersom du går inn i eit klasserom og lyttar til spørsmåla elevane/ studentane stiller så vil du fort oppdage om det er meiningsfylt læring tilstades. Kor langt må vi skrive i denne oppgåva? Når er innleveringsfristen? Og kva treng vi å vite for å bestå denne testen? Er alle eksempel på spørsmål du ikkje vil ha i eit meiningsfylt læringsmiljø. Spørsmåla som kjem frå studentane bør vere spørsmål som utfordrar deira eigne fordommar og idear om korleis ting skal vere/er. Spørsmåla bør føre til kritisk tenking og refleksjon, og gjerne verte besvart med eit nytt spørsmål.

Den meiningsfulle læringa er i fokus, og Wesch meiner at den i stor grad er fråverande i dagens undervisningssamfunn. Han viser at mange har foreslått sosial programvare som ei redning! Han støtter opp om dette og vil at studentane skal få boltre seg i det miljøet dei er vande med å vere aktive deltakarar saman med medstudentar og lærarar. Han kallar det for "anti-undervisning" då undervisning, i følgje undersøkinga gjort blant studentane, ser ut til å stå i vegen for læring. Han meiner at her kan studentane få utvikle si eiga læring meir i samråd med det som er relevant for studentane sitt liv, i motsetning til ei tradisjonell undervisningsform, der studentane er passive mottakarar og lærarane sit med informasjonen som skal inn.


Brandtzæg er skeptisk til at det skal vere eit voldsomt læringspotensiale i bruken av den sosiale weben, blant anna på bakgrunn av at berre 30% av medlemane i norske nettsamfunn er aktive bidragsytarar. I ein presentasjon av den britiske forskaren Niel Selwyn gitt på ei konferanse om sosial web og læring, kan vi sjå at elever stort sett bruker internett som ein informasjonskanal der dei lastar ned, heller enn lastar opp, når det gjeld formell informasjon. Berre 17 % har bidrege til ein wiki enten både på skulen og heime, eller berre heime. Mens 6 % seier at dette har dei berre gjort på skulen. Når det gjeld bilete og videoar viser også tala her at det er klårt fleire elevar som har lasta opp for å dele med andre.

Selwyn er og tilbakehalden til denne tanken om at den formelle undervisninga plutseleg skal skje over nett. Han viser til at det er alt for lite forsking på området, og ber lærarar reflektere nøye over korleis det vil gagne undervisninga før dei tek i bruk den sosiale weben som undervisnings/ læringsarena. Han erkjenner og det faktum at sosial programvare har blitt ein stor del av livet til dagens ungdom og ser på dette som ein positiv arena for uformell læring, der det sosiale står i sentrum ved bruk av IM, deling av kreativ skaping, speling og katalogisering. Han ser derimot ikkje korleis studentane plutseleg skal verte meir aktive produsentar av kunnskap ved å ta i bruk denne "fritidsaktiviteten" deira i undervisninga. At studentane plutseleg skal produsere sine eigne læremiddel er heller ikkje gjort i ei handevending, praktiske ting som læreplanar og fastlagt pensum skal og takast omsyn til! Har studentane i det heile tatt interesse av å integrere sosial programvare i læringsprosessane sine? Begge dei sistnemnte forskarane ser fram til meir forsking på området, og er opne for at synet kan endre seg i framtida, men vil foreløpig ikkje anbefale dette som arena for "formell undervisning".

Personleg stiller eg meg positiv til Wesch si evne til å ta tak i problema! Han ser at det er noko som ikkje er som det skal, og gjer det han meiner kan hjelpe. Han har lukkast med å integrere sosial programvare i læringsprosessane, eller omvendt... at læringa foregår på den sosiale weben! Studentane er aktive og produserer kunnskap for kvarandre, i motsetning til å ta til seg ein fjerdedel av kunnskapen som blir plassert framfor nasa. Fantastisk! Samtidig så ser eg at det kan verte eit problem å gjennomføre denne type totalforandring i dagens læringsarena! Det krev kompetanse og vilje, ikkje berre frå lærarar og elevar men og frå politisk hold; når det gjeld læreplanar og praktiske ting som må på plass for at dette skal kunne verte ein realitet. Med dei erfaringane og den forskinga som ligg føre om digital kompetanse i dagens skule kan vi vell slå fast at det er ein lang veg å gå før dette vert ein naturleg prosess.


_________________________________________________________________________________
http://www.cea-ace.ca/media/en/AntiTeaching_Spring08.pdf

http://en.wikipedia.org/wiki/Instant_messaging

http://www.itu.no/Nyheter/1224159645.86

http://www.itu.no/Nyheter/1224493677.04

http://www.itu.no/filearchive/neil_selwyn_oslo.pdf

http://www.youtube.com/watch?v=J4yApagnr0s


Startfase

Etter fyrste samling har eg fått litt betre oversikt over korleis arbeidsmåtane i dette studiet skal vere. DVS. arbeidsmåtar er der vell mange av, men sjølve dokumenteringa av arbeidet, som skal skje i blogg og på nettstad er no ganske klart tykkjer eg. Eg ser fram til dette semesteret med ei spenning som ikkje er heilt identifiserbar med dei tidlegare forventingane eg har hatt i startfasen av eit studium. Eg trur (og håper) det vert mykje "utforsking og morro", samtidig som det sikkert fyl med ein del frustrasjon! Håper eg finn den tida eg treng for å kunne kose meg med arbeidet...

mandag 12. januar 2009

Sosial web 1

Velkommen til min studieblogg i DKL 102 og 104!