fredag 20. mars 2009

Videoproduksjon

19. og 20. mars hadde vi samling om videoproduksjon. Dette var to hektiske og lærerike dagar, der filming og kameravinklar stod i sentrum. Gruppe 2 (Eg, Kristin og Grethe) laga ein litt rar film om ei kvinne som skulle føde drøymeprinsen. I redigeringsprosessen gjekk det litt fort i svingane, og vi har diverre brukt musikk som ikkje er opphavsklarert - og dermed kan eg ikkje publisere videoen.

Eg tykkjer samlinga var løyst på ein god måte som gav meg lærdom som kjem til nytte no når eg skal til å lage video på eiga hand. Det viser seg gang på gang at "learning by doing" har noko for seg. Sjølve videoen vår vart både rar og amatørmessig, men kva anna kan ein vente når ein har berre eit par tima på seg...samtidig som ein ikkje har vore borte i noko liknande før. Vi klarte oss bra etter forholda tykkjer eg.

Interessant å lære om korleis bruken av kamera er med på å fortelje ei historie. Dette er noko eg ikkje har tenkt over før. Eksempelet til Fride frå RAISING ARIZONA illustrerte perspektiv og synsvinklar på ein god måte.

Vi brukte moviemaker til å redigere filmen. Fyrst hadde vi mange "artige" overgangar frå klipp til klipp...men som forventa så var ikkje dette særlig bra filmtriks... :) hehe...betre å filme bra slik klippa ikkje vert så synlege.

Blir spennande å sjå kva oppgåve som kjem idag. Lage film åleine...lurer på kven som skal vere skodespelar...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar