CSS og HTML redigering...programering...tal, teikn, bokstavar -blir til malar med ruter, lenkjer, headere, bilder og tekst. Korleis det heile heng saman, og kva som gjer at det blir slik som det blir - det er fortsatt eit stort mysterium for meg... men eg har lært utruleg mykje (synst eg sjølv). For kvar lisje oppdagelse som fører til "kontrollert endring" er det stor siger "på loftet"! Det har vore veldig kort mellom oppturane og nedturane. ...for kvar gong ein oppdagar noko nytt, så vil ein berre finne ut av meir - og når (nesten) alt tek like lang tid å finne ut av, så gløymer en fort at ein nett var under taket av stoltheit.
Eg ser føre meg at oppgåva som var gitt i utgangspunktet ikkje hadde som intensjon at vi skulle gå så djupt i redigeringa som vi har gjort. Samtidig så hadde vi ikkje kunna utforma avisa på ein hensiktsmessig måte om vi ikkje hadde gjort det... ( Kanskje var det meininga at dette skulle vere ei enkel sak...?!?!?...det var det iallefall ikkje for min del.)

Nettavisa vart no fin etterkvart den. Heldigvis klarte vi å finne ut korleis vi skulle plassere artiklane på framsida i dei to forskjellige kolonnene under arkfanene. Det var ei stund ei frykt for at eg ikkje skulle klare det....og eg ropte fortvilt etter hjelp i forum! ..men då det ikkje kom svar måtte eg berre fortsette å leite - og jaggu så dukka det plutseleg opp eit lys!
Når det gjeld artiklane (tekstane) mine i avisa, så har eg ikkje ein gong lest over dei sidan eg publiserte dei på nett i den individuelle nettavisa"... Det har eg rett og slett ikkje hatt verken tid eller overskot til. ALL fokus har gått på utforming av gr. nettstaden. Eg skjønar ikkje heilt korleis det er tenkt når ein person skal vere redaktør - og samtidig ansvar for heile den tekniske biten. Dette burde vere noko alle fekk prøve seg på. Det kunne gjerne ha vore øvingsoppgåver eller liknande i forkant - slik ein slapp å hive seg ut på det med ansvar for heile gruppa sitt arbeid. Eg skal ikkje klage...slik eg ser det, var eg ein av dei heldige som hadde redaktøransvar. Eg har fått lære mykje om noko som faktisk kan vere greit å ha med seg når ein skal jobbe med litt forskjellig på nett. Ein forstår no LITT meir...om enn ikkje så mykje!
Takka stort til gruppa mi som har tålt mange meldingar...både fortvilte og glade, gjennom veka. Hadde det ikkje vore for at eg har medstudentar å vende meg til, så hadde denne veka fore heilt forferdeleg. Det er noko heilt anna å skape noko saman med nokon andre. For meg er det iallefall viktig å ha nokon å dele både frustrasjon og siger med!
No er det responsen til gruppe 2 som står for tur! Dei er så flinke alle fem, at det blir sikkert ein dans på roser av konstruktive og positive tilbakemeldingar! ...men det for likvel vente til i morgon! NO er det natt!
Hmm..skreiv ikkje ej en kommentar nettopp? Ser ikkje slik ut:P Men veffal, kjempefine avis du (dåkke?) he laga! :D
SvarSlettLikte teksta om skrivesperre og sjokoladekake, fnis:P Men ej va no forresten på Leikong når ditta skjedde so egentlig hadde no ikkje dei trengt å rope slett so høgt, hihi:P
Hehe...mulig det. Det tenkte eg ikkje over! Takk ang. avis, synst den vart fin sjølv :)...når det gjeld tekstane mine, er eg redd at eg burde gå inn å redigere litt. Ein anna dag!
SvarSlett