Dette blogginnlegget (og mange av dei som kjem snart) burde vore publisert for lenge sida, men sidan tida ikkje har strekt heilt til i det siste for eg kome med ei perlerad no i innspurten.
Eg har for lengst lest og fullført mappekravet som fyl med leksjonane innan delemnet informasjonskompetanse. Dette er eit utruleg viktig og nødvendig tema å ta føre seg. Eg lærte svært mykje av leksjonane - både om "feller" som eg sjølv går i når eg er på jakt etter informasjon på nettet, og om ting som er aktuelle for arbeid i skulen. Berre korleis ein kan søke etter informasjon, og ikkje minst - korleis informasjonen kan kome til meg, ved bruk av RSS frå dei "kanalane" eg er interessert i. Til dette ser eg på informasjonsnavet netvibes som eit svært nyttig vertkøy - og ser føre meg at eg vil bruke dette som startside både i privat samanheng og på arbeid.
I mappeoppgåve 3 skulle vi beskrive eit scenarie der det var aktuelt å bruke eit slikt informasjonsnav i skulen. Her bestemte eg meg for å lage ein netvibes som fokuserte på helse, ernæring og trening. Eg føler ikkje at eg er ferdig med denne oppgåva, men den skal få stå som den er til eg har fått tilbakemelding.
Å lage ein netvibes var ei overraskande enkel og lite tidkrevjande oppgåve. Det vanskelege er sjølvsagt å finne den gode informasjonen - RSS-kjeldene og anna som ein vil ha med. Eg trur at det fort kan verte for mykje informasjon, så ein gylden middelveg er vell å foretrekke også i dette tilfellet.
Eit anna moment ved informasjonkompetanse er kjeldekritikken. Korleis kan vi vite at det vi finn på nettet er brukandes til vårt formål? Eg har nok sett meg blind på flotte design og proffesjonell utføring mange gangar på leiting etter informasjon - sjølv om kanskje seriøsiteten bak nettsidene ofte ikkje er så høg som det skulle sjå ut til ved fyrste augekast. Leksjonane frå Overland har synt gode strategiar i arbeidet med å finne ut kva ein kan stole på og ikkje. Her er blant anna fylgjande spørsmål aktuelle; KVEN har publisert nettsida? KVA er hensikta med nettsida, eller KVA er motivasjonen til dei som har publisert nettsida?
Ein fin tommelfingerregel når ein skal arbeide med informasjon på nettet er TONE.
• Troverdighet
• Objektivitet
• Nøyaktighet
• Egnethet (VIKO)
Eksamensfilmen vår:)
for 15 år siden
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettHei Karina :) ... ja nei men då må du lese ein gong til ;)! "Det vanskelege er sjølvsagt å finne den gode informasjonen - RSS-kjeldene og anna som ein vil ha med." ... altså det som tok tid...
SvarSlett..men eg var nok kjappare i vendinga enn eg burde vere og, då eg ikkje hadde meir tid enn eg faktisk brukte. (eller noko slikt)
Berre for å understreke mitt poeng. Eg tykkjer ikkje det var ei lett mappeoppgåve. Sjølv om eg har brukt lite tid på den til no, vil eg (både for resultatet og eiga læring) sette meg ned å jobbe meir med denne så snart eg får tid.
SvarSlettDet som eg tenkte når eg skreiv at å lage ein netvibes var ei overraskande enkel og lite tidkrevjande oppgåve; var at den tekniske biten var enkel. Det vil ikkje vere noko problem for dei fleste lærarar å ta dette i bruk i skulen (trur eg)... då brukergrensesnittet? er lettvint og tilgjengeleg for dei fleste.
...så er det naturlegvis opp til kvar enkelt å gjere til at innhaldet blir bra.