fredag 17. april 2009

Samling 3 DKL 102

No sit eg egentlig og redigerar litt på A3. Tykkjer i grunn det er kjekt å arbeide med dette, men engasjementet har begynt å begrense seg etter snart 17 timar "på"! Trur heller eg vil reflektere/blogge litt om torsdagen og dagens samling.

Torsdag arbeida vi i responsgrupper. Her skulle vi gi tilbakemelding på kvarandre sine mappeoppgåver og kanskje tipse kvarandre litt til kva for nokre oppgåver vi burde velje til eksamen. Eg og Morten, som eg var på gruppe med, vart forholdsvis tidleg ferdig... om dette var fordi vi gjorde det for lite grundig eller ikkje, det veit eg ikkje, vi følte i alle fall at vi gjorde det vi skulle. Eg er ikkje så mykje klokare med tanke på eksamen, men eg har fått litt meir å bygge vidare på til eg skal ferdigstille oppgåvene.

Fredagen hadde vi besøk av Tor Arne Wølner, som er ein av forfattarane til ei av pensumbøkene våre. (Sansynlegvis den einaste boka ALLE studentane har). Det er ei god og nyttig bok, som vi har brukt mykje! Forventningane til dagen var sjølvsagt store, og dei vart heilt klart innfridde. Eg lærte mykje frå fyrste stund både ein del om porteføljemetodikk - som vi alt har lært ein del om, og litt nye ting. Desverre var det tida som la ein dempar på dagen (også denne gangen) - då det vart litt vel hektisk for min smak (praktisk del i andre halvdel av dagen). Det er synd at vi skal ha så dårlig tid at vi ikkje rekk å gjere oss ferdige, presentere arbeid for kvarandre, og gi kvarandre vidare respons og hjelp til vidare refleksjon.

Ein av dei tinga vi lærte om idag var animasjon og litt rundt dette. Dette var kjekt og spanande å jobbe med...og eg fekk krota opp i ein del ting som eg heilt klart hadde kjempa med om eg skulle tatt til med dette utan rettleiing. Eg kunne godt ha set i gang eit slikt prosjekt i ei klasse trur eg. Men då må vi ha litt meir enn 15 min til å sette saman "filmen". Sidan vi hadde så lite tid fekk vi ikkje lagt inn alle bileta og tilpassa lyden skikkeleg.(Trass grundig storyboard!!!) Vi berre las direkte inn i moviemaker, og prøvde å legge på dei bileta som var ca tenkt til replikkane. Animasjonsfilmen vår ber heilt klart preg av hastverk - men vi lærte mykje - det er vell det viktigaste ;)!



Ein annan ting som heile tida hadde fokus i dagens undervisning, var eleven og eleven si læring. Vi må ikkje miste syne av faget når vi skal jobbe med slike "kjekke" digitale ting som animasjon. Det kan fort ende opp i berre digital morro... og dette er jo svært sjelden vi er ute etter.

Her kjem vurdering inn som eit viktig punkt. Dersom vi set opp teikn til ulik grad av måloppnåing, der kompetansemåla ligg til grunn og heile tida er mål som elevane jobbar imot, kan vi kvalitetssikre arbeidet. Når elevane skal ta til på eit arbeid - for eksempel ein animasjonsfilm, kan det vere lurt at dei sjølve får vere med på å bestemme kva dei vil lære meir om. Dei kan for eksempel få "velje" frå ein meny av ulike mål dei ynskjer å nå i løpet av prosessen. Her vil ligge ulike mål der vanskelegheitsgrada varierer. Elevane bør og få ta del i vurdering av måloppnåinga gjennom og etter arbeidesprosessen.

1 kommentar:

  1. Heheheh! Arti:P Ej kjipte mej litt når han mista rompa si...skumle greier dåkke he laga ;)

    SvarSlett