Arbeidet med denne oppgåva starta i eit diskusjonsdokument i google dokumenter, her delte vi tankar og idear om korleis vi kan gripe ann denne oppgåva. Heilt i startfasa av oppgåva oppretta Siv Mette eit tankekart i mindomo - der vi strukturerte oppgåva og organiserte tankar og idear. Dette verktøyet er svært nyttig, spesielt i startfasen av arbeisprosessen, då det sorterer og sammenfatter tankane på ein oversiktleg måte.
Det vidare arbeidet med oppgåva har gått føre seg pr. skype, msn og i samskrivingsdokument i google dokumenter. Eit nettmøte igår staka ut kursen for siste del av arbeidet med oppgåva, og det ser ut som vi vil halde det nettbasert heile vegen.
Emne for denne oppgåva er samensatte tekster. Dette er eit vidt og omfattande emne som kan by på mange interessante utfordringar. Ei av dei er alle dei "kreative" verktøya som er tilgjengelege for utforsking og arbeid. Kva skal vi presentere for elevane? Kva type verktøy høyrer heime i denne sammenhengen? Eg trur det er vanskeleg å svare på dette spørsmålet. Det er viktig at læraren kjenner dei ulike verktøya han vel å presentere for elevane, slik at begrensningane og mogelegheitene er klare. Nokre område kan stå opne for elevane for utforsking, mens andre bør ha konkrete og klare mål i læringsarbeidet.
Eksamensfilmen vår:)
for 15 år siden
Hei Linda.
SvarSlettKanskje den læraren som igangset slike prosessar i ei klasse, bør kjenne til elevmassen og kva kompetanse dei har frå før i tillegg til å meistre dei verktøya han skal presentere?
Du har skrive ein svært god refleksjon rundt (arbeidet vårt med) M2. Sjølv om kvaliteten på Skypemøta våre ikkje alltid er så god pga. lyd/utkobling, har vi klart det bra likevel!!Eg synest det er supert om vi gjer ferdig denne oppgåva heilt utan å møtest :)
Ja, heilt klart. F.h.v. så har læraren ei viss oversikt over kva kompetanse som ligg til grunn før han tek til med eit arbeid.
SvarSlettNår det gjeld M2...den såg så enkel og greit ut den oppgåva. Det er dei aldri...! Eg trur nok vi skal kome i mål. Med litt beinhard innsats ;)... kanskje før helga til og med!