fredag 24. april 2009

Blogg radio

Ved å klikke på overskrifta til dette innlegget vil du kome til refleksjonbloggen for arbeidskrav oppgåve 1 (nemleg podcasting).

tirsdag 21. april 2009

Hensyn

Delemnet hensyn i DKL 104 var i stor grad ein repetisjon for oss som tok DKL 101 i haust. Det gjer det ikkje mindre viktig. Dette er kanskje eit av dei emna som er mest relevant for stadig repetisjon. Vi må minne oss sjølve og dei andre som er rundt oss på ulike hensyn vi må ta når vi ferdast som produsentar på nettet.

Det vere seg hensyn ved publisering av bilete, personopplysningar eller gjenbruk av andre sitt materiale.

Når vi skal publisere bilete av andre er der mange hensyn å ta. Både dei som er avbilda og den som har teke bilete har visse rettigheiter. Dersom det er born under 15 år som er avbilda har også foreldra noko dei skulle ha sagt. Dersom ein skal publisere noko ein ikkje har tatt sjølv av nokon andre enn seg sjølv og dei en har råderett over, bør ein alltid ta alle forholdsreglar og sjekke ut at alle involverte tykkjer publiseringa er grei, FØR ein publiserer.

Dette gjeld og ved bruk av andre sine verk - som for eksempel musikk. Når eg skal lage ein video eller ein animasjon kan det vere interessant for meg å "låne" litt musikk eller lydeffektar til denne. Her er det svært viktig at eg enten bruker opphavsklarerte sider som er merka med CC-lisens eller liknande - eller kontakter den som eig rettigheitene og klarerer bruken.

Generelt sett så bør ein sette seg inn i dei gjeldande reglane om ein ikkje kjenner til dei frå før. Dette bør alle som ferdast på nettet gjere helst før...

Som lærarar i skulen vert det vår oppgåve å syte for at elevane fyl dei lover og reglar som ligg føre ved ev. publisering og ellers når dei ferdast på nettet. Vi bør og jobbe med bevisstgjering i forhold til personvern og hensyn dei bør ta før dei "publiserer seg sjølve".

søndag 19. april 2009

Arbeidskravoppgåve 3

Lure på om lyden kan vere litt høg om du har på headset...jobba uten headset heilt til eg skulle sjå den publisert. Ikkje tida til å fikse på det no. OBSOBS



Maaange utfordringa med filmproduksjon... føler eg har gjort dei fleste feila. Men har lært mykje ;)

Kan nevne noko eg burde gjort annleis:
*Burde hatt eit stativ - då filminga mi var ustødig, og til tider litt "hoppete". *Burde fått til ei betre lysordning.
*Kunne med hell ha planlagt gjennomføringa betre
- med tanke på klippinga (slik det står no har eg problemer med å fjerne meir utan at det vil øydeleggje for bodskapet, og eg skulle berre bruke 3 min),
- eg burde og vore klarare på at alt skulle foregå på ein plass, no flyttar aktiviteten litt att og fram, frå benk til benk... det gjer filminga og klippinga litt uryddig.

fredag 17. april 2009

Samling 3 DKL 102

No sit eg egentlig og redigerar litt på A3. Tykkjer i grunn det er kjekt å arbeide med dette, men engasjementet har begynt å begrense seg etter snart 17 timar "på"! Trur heller eg vil reflektere/blogge litt om torsdagen og dagens samling.

Torsdag arbeida vi i responsgrupper. Her skulle vi gi tilbakemelding på kvarandre sine mappeoppgåver og kanskje tipse kvarandre litt til kva for nokre oppgåver vi burde velje til eksamen. Eg og Morten, som eg var på gruppe med, vart forholdsvis tidleg ferdig... om dette var fordi vi gjorde det for lite grundig eller ikkje, det veit eg ikkje, vi følte i alle fall at vi gjorde det vi skulle. Eg er ikkje så mykje klokare med tanke på eksamen, men eg har fått litt meir å bygge vidare på til eg skal ferdigstille oppgåvene.

Fredagen hadde vi besøk av Tor Arne Wølner, som er ein av forfattarane til ei av pensumbøkene våre. (Sansynlegvis den einaste boka ALLE studentane har). Det er ei god og nyttig bok, som vi har brukt mykje! Forventningane til dagen var sjølvsagt store, og dei vart heilt klart innfridde. Eg lærte mykje frå fyrste stund både ein del om porteføljemetodikk - som vi alt har lært ein del om, og litt nye ting. Desverre var det tida som la ein dempar på dagen (også denne gangen) - då det vart litt vel hektisk for min smak (praktisk del i andre halvdel av dagen). Det er synd at vi skal ha så dårlig tid at vi ikkje rekk å gjere oss ferdige, presentere arbeid for kvarandre, og gi kvarandre vidare respons og hjelp til vidare refleksjon.

Ein av dei tinga vi lærte om idag var animasjon og litt rundt dette. Dette var kjekt og spanande å jobbe med...og eg fekk krota opp i ein del ting som eg heilt klart hadde kjempa med om eg skulle tatt til med dette utan rettleiing. Eg kunne godt ha set i gang eit slikt prosjekt i ei klasse trur eg. Men då må vi ha litt meir enn 15 min til å sette saman "filmen". Sidan vi hadde så lite tid fekk vi ikkje lagt inn alle bileta og tilpassa lyden skikkeleg.(Trass grundig storyboard!!!) Vi berre las direkte inn i moviemaker, og prøvde å legge på dei bileta som var ca tenkt til replikkane. Animasjonsfilmen vår ber heilt klart preg av hastverk - men vi lærte mykje - det er vell det viktigaste ;)!



Ein annan ting som heile tida hadde fokus i dagens undervisning, var eleven og eleven si læring. Vi må ikkje miste syne av faget når vi skal jobbe med slike "kjekke" digitale ting som animasjon. Det kan fort ende opp i berre digital morro... og dette er jo svært sjelden vi er ute etter.

Her kjem vurdering inn som eit viktig punkt. Dersom vi set opp teikn til ulik grad av måloppnåing, der kompetansemåla ligg til grunn og heile tida er mål som elevane jobbar imot, kan vi kvalitetssikre arbeidet. Når elevane skal ta til på eit arbeid - for eksempel ein animasjonsfilm, kan det vere lurt at dei sjølve får vere med på å bestemme kva dei vil lære meir om. Dei kan for eksempel få "velje" frå ein meny av ulike mål dei ynskjer å nå i løpet av prosessen. Her vil ligge ulike mål der vanskelegheitsgrada varierer. Elevane bør og få ta del i vurdering av måloppnåinga gjennom og etter arbeidesprosessen.

Skrive fort test

Tok en test etter tips i bloggen til Karina, det var artig (trass flashback til touch-traumer frå videregåande)hehe!

92 Ord

Speedtest

tirsdag 14. april 2009

Filmalternativ 2

FILMALTERNATIV 2:
Lage/filmatisére en fremgangsmåte (kall det en bruksanvisning) ved å filme og klippe en
prosess fra A-Å.
Dette kan f.eks. være å skifte hjul på en bil, lage en matrett, henge opp et bilde,
beskjære et tre, lage en podcast etc. Filmen skal ha minst 5 forskjellige kamerautsnitt
(Ultratotal, Total, Halvnært, Nært og Ultranært utsnitt). Du kan bruke håndholdt kamera
og/eller stativ. Filmen skal ikke ha dialog. Lydeffekter er tillatt. Bruk kunnskap fra
leksjoner og pensum aktivt.
Maks lengde på filmen: 2-3 minutter.

_____________

Dette er det eg skal ta utgangspunkt i når eg skal gjere arbeidskrav 3. Eg har fått ei venninde til å hjelpe meg litt. Ho skal bake kake, eg skal filme.

No når eg er midt i filminga ser eg viktigheita av å planlegge på forhand. (Dette hadde eg sjølvsagt gjort). Svært nyttig med eit storyboard som syner dei ulike kamerautsnitta. Men det er vanskeleg ... håper eg kjem i land med noko fornuftig. Håper moviemaker kan hjelpe meg seinare ... :)




Prosjektplan til eksamen

Prosjektplan??? Til 13 april??? Det var ikkje med i berekninga... det heller. Det vart eit hastemøte i gr. der vi kom fram til at vi vil bygge vidare på Arbeidskrav 1 - nemleg PODCAST. Vi fekk gode tilbakemeldingar på dette arbeidskravet, og føler at dette var spananade og utfordrande. Derfor vil vi prøve oss litt meir på dette!

I løpet av påska har prosjektplanen kome på plass ved hjelp av eit samskrivingsdokument i google. (Korleis har eg klart meg i 3 år på lærarutdanninga utan google docs??? spør ikkje meg...!) Den skriftlege og formelle biten er det i hovudsak Mona som har stått for - med litt bidrag frå oss andre inn i mellom. Vi må prøve å balansere det opp igjen seinare i eksamensarbeidet.

Eg er svært fornøgd med den planen eg leverte for rettleiing igår, eg tykkjer den var grundig og gjennomtenkt - og eg trur ikkje vi vil få problemer med å gjennomføre den.
Samtidig har eg jo svært lite erfaring med slike planar, så det gjenstår no å sjå om vi er på rett spor. Det fine med ein prosjektplan er at han kan justerast langs med...

mandag 13. april 2009

Informasjonskompetanse

Dette blogginnlegget (og mange av dei som kjem snart) burde vore publisert for lenge sida, men sidan tida ikkje har strekt heilt til i det siste for eg kome med ei perlerad no i innspurten.

Eg har for lengst lest og fullført mappekravet som fyl med leksjonane innan delemnet informasjonskompetanse. Dette er eit utruleg viktig og nødvendig tema å ta føre seg. Eg lærte svært mykje av leksjonane - både om "feller" som eg sjølv går i når eg er på jakt etter informasjon på nettet, og om ting som er aktuelle for arbeid i skulen. Berre korleis ein kan søke etter informasjon, og ikkje minst - korleis informasjonen kan kome til meg, ved bruk av RSS frå dei "kanalane" eg er interessert i. Til dette ser eg på informasjonsnavet netvibes som eit svært nyttig vertkøy - og ser føre meg at eg vil bruke dette som startside både i privat samanheng og på arbeid.

I mappeoppgåve 3 skulle vi beskrive eit scenarie der det var aktuelt å bruke eit slikt informasjonsnav i skulen. Her bestemte eg meg for å lage ein netvibes som fokuserte på helse, ernæring og trening. Eg føler ikkje at eg er ferdig med denne oppgåva, men den skal få stå som den er til eg har fått tilbakemelding.

Å lage ein netvibes var ei overraskande enkel og lite tidkrevjande oppgåve. Det vanskelege er sjølvsagt å finne den gode informasjonen - RSS-kjeldene og anna som ein vil ha med. Eg trur at det fort kan verte for mykje informasjon, så ein gylden middelveg er vell å foretrekke også i dette tilfellet.

Eit anna moment ved informasjonkompetanse er kjeldekritikken. Korleis kan vi vite at det vi finn på nettet er brukandes til vårt formål? Eg har nok sett meg blind på flotte design og proffesjonell utføring mange gangar på leiting etter informasjon - sjølv om kanskje seriøsiteten bak nettsidene ofte ikkje er så høg som det skulle sjå ut til ved fyrste augekast. Leksjonane frå Overland har synt gode strategiar i arbeidet med å finne ut kva ein kan stole på og ikkje. Her er blant anna fylgjande spørsmål aktuelle; KVEN har publisert nettsida? KVA er hensikta med nettsida, eller KVA er motivasjonen til dei som har publisert nettsida?

Ein fin tommelfingerregel når ein skal arbeide med informasjon på nettet er TONE.

• Troverdighet
• Objektivitet
• Nøyaktighet
• Egnethet (VIKO)