fredag 20. mars 2009

Videoproduksjon

19. og 20. mars hadde vi samling om videoproduksjon. Dette var to hektiske og lærerike dagar, der filming og kameravinklar stod i sentrum. Gruppe 2 (Eg, Kristin og Grethe) laga ein litt rar film om ei kvinne som skulle føde drøymeprinsen. I redigeringsprosessen gjekk det litt fort i svingane, og vi har diverre brukt musikk som ikkje er opphavsklarert - og dermed kan eg ikkje publisere videoen.

Eg tykkjer samlinga var løyst på ein god måte som gav meg lærdom som kjem til nytte no når eg skal til å lage video på eiga hand. Det viser seg gang på gang at "learning by doing" har noko for seg. Sjølve videoen vår vart både rar og amatørmessig, men kva anna kan ein vente når ein har berre eit par tima på seg...samtidig som ein ikkje har vore borte i noko liknande før. Vi klarte oss bra etter forholda tykkjer eg.

Interessant å lære om korleis bruken av kamera er med på å fortelje ei historie. Dette er noko eg ikkje har tenkt over før. Eksempelet til Fride frå RAISING ARIZONA illustrerte perspektiv og synsvinklar på ein god måte.

Vi brukte moviemaker til å redigere filmen. Fyrst hadde vi mange "artige" overgangar frå klipp til klipp...men som forventa så var ikkje dette særlig bra filmtriks... :) hehe...betre å filme bra slik klippa ikkje vert så synlege.

Blir spennande å sjå kva oppgåve som kjem idag. Lage film åleine...lurer på kven som skal vere skodespelar...

lørdag 14. mars 2009

Nettavis klar for respons

No trur eg at eg for seie meg fornøgd med nettavisa vår i fyrste omgong. Eg kan trygt seie at dei 20 timane vi (eigentleg) skal legge i studie pr. veke - er passerte for lenge sida. Og sjølv om eg ikkje burde seie det, så skal det sant seiast at artiklane ikkje har blitt ofra ein halv av dei ein gong. Heldigvis fekk eg med meg René som assisterande redaktør tidleg i "leiken", hadde eg ikkje hatt han å dele frustrasjonen med, så veit ikkje eg.


CSS og HTML redigering...programering...tal, teikn, bokstavar -blir til malar med ruter, lenkjer, headere, bilder og tekst. Korleis det heile heng saman, og kva som gjer at det blir slik som det blir - det er fortsatt eit stort mysterium for meg... men eg har lært utruleg mykje (synst eg sjølv). For kvar lisje oppdagelse som fører til "kontrollert endring" er det stor siger "på loftet"! Det har vore veldig kort mellom oppturane og nedturane. ...for kvar gong ein oppdagar noko nytt, så vil ein berre finne ut av meir - og når (nesten) alt tek like lang tid å finne ut av, så gløymer en fort at ein nett var under taket av stoltheit.

Eg ser føre meg at oppgåva som var gitt i utgangspunktet ikkje hadde som intensjon at vi skulle gå så djupt i redigeringa som vi har gjort. Samtidig så hadde vi ikkje kunna utforma avisa på ein hensiktsmessig måte om vi ikkje hadde gjort det... ( Kanskje var det meininga at dette skulle vere ei enkel sak...?!?!?...det var det iallefall ikkje for min del.)




Nettavisa vart no fin etterkvart den. Heldigvis klarte vi å finne ut korleis vi skulle plassere artiklane på framsida i dei to forskjellige kolonnene under arkfanene. Det var ei stund ei frykt for at eg ikkje skulle klare det....og eg ropte fortvilt etter hjelp i forum! ..men då det ikkje kom svar måtte eg berre fortsette å leite - og jaggu så dukka det plutseleg opp eit lys!

Når det gjeld artiklane (tekstane) mine i avisa, så har eg ikkje ein gong lest over dei sidan eg publiserte dei på nett i den individuelle nettavisa"... Det har eg rett og slett ikkje hatt verken tid eller overskot til. ALL fokus har gått på utforming av gr. nettstaden. Eg skjønar ikkje heilt korleis det er tenkt når ein person skal vere redaktør - og samtidig ansvar for heile den tekniske biten. Dette burde vere noko alle fekk prøve seg på. Det kunne gjerne ha vore øvingsoppgåver eller liknande i forkant - slik ein slapp å hive seg ut på det med ansvar for heile gruppa sitt arbeid. Eg skal ikkje klage...slik eg ser det, var eg ein av dei heldige som hadde redaktøransvar. Eg har fått lære mykje om noko som faktisk kan vere greit å ha med seg når ein skal jobbe med litt forskjellig på nett. Ein forstår no LITT meir...om enn ikkje så mykje!

Takka stort til gruppa mi som har tålt mange meldingar...både fortvilte og glade, gjennom veka. Hadde det ikkje vore for at eg har medstudentar å vende meg til, så hadde denne veka fore heilt forferdeleg. Det er noko heilt anna å skape noko saman med nokon andre. For meg er det iallefall viktig å ha nokon å dele både frustrasjon og siger med!

No er det responsen til gruppe 2 som står for tur! Dei er så flinke alle fem, at det blir sikkert ein dans på roser av konstruktive og positive tilbakemeldingar! ...men det for likvel vente til i morgon! NO er det natt!

onsdag 11. mars 2009

Nettavisarbeid

2. teksta til den individuelle avisa har no etterkvart kome på nett. Etter mykje frustrasjon av skrivesperre. Mangel på tid, gjer skribent jobben til ein vanskelig ein. Eg føler kanskje at oversikta over sjangrar og kva som egnar seg i ei nettavis og ikkje, ikkje er heilt på plass. Men dette er vell eit vidt begrep, og det skal vell mykje til å skrive ei tekst som ikkje høyrer heime nokon plass...

Når det gjeld gruppearbeidet(A2) så er dette fortsatt på eit svært tidleg stadium. Eg ser ikkje heil for meg kva, kvifor korleis... men der er mykje spennande å ta tak i. 
Det eg stussar mest i  er oppgåvefordelinga. Er det slik at redaktør skal ordne alt det tekniske - tema, utforming osv.? mens dei andre på gruppa berre skal levere dei to artiklane dei alt har skrive i den individuelle nettavisa? Dersom dei skulle forbetre artiklane, ev. utvide omfanget eller noko.... men slik eg ser det så står gr. arbeidet og fell på redaktør denne veka. Derfor har eg delt administrator passordet med resten av gruppa, og spurt spesielt René om han kan vere co-editor! Alle får sjølvsagt bidra i den grad dei har muligheit og lyst til det! Det skal jo vere eit samarbeid. 

Må seie at eg kunne ha tenkt meg litt meir konkrete øvingsoppgåver i forhold til dette med redigering av CSS og slikt. Føler at eg trakkar litt på neler i forhold til redigering i gr. avisa, med tanke på at få redigeringar kan føre til at alt blir øydelagt. Prøving og feiling er ein fin ting....men litt skummelt når ein prøvar og feilar med noko som er felles arbeid. 

fredag 6. mars 2009

Artikkelskriving

Då har eg publisert min fyrste artikkel(dette er jo eit vidt begrep...om det kan kallast for ein artikkel det veit eg ikkje...den er kort...heller ein notis kanskje) i nettavisa. Det er fortsatt litt svevande når det gjeld journalistiske sjangrar - men eg trur kanskje det er litt øving gjer mester. Kanskje vi får litt meir input i neste leksjon... 
Akkurat no er det fredags kveld, og eg har tenkt å gjere dei to artiklane som må vere klare før søndag - enklast mogeleg. Sidan det er 1000 andre ting som MÅ gjerast i helga. 

Det fyrste bidraget er i den ånda på heile 207 ord. (Minimum 200).

I skrivande stund kjem eg på at eg har gløymt å legge til bilete...det var også eit krav. Dette for vente til i morgon... 

Digital arena

I forbindelse med samling 2 skulle vi lage eit undervisningsopplegg der elevane skulle bruke google earth. Vi kom ikkje så veldig langt, men vi fikk lista opp punktvis kva vi hadde tenkt. (sjå arbeidsmappe 102). Vi såg føre oss at elevane skal samarbeide med ei klasse i England - og i denne sammenheng - presentere heimbygda si Volda. Dette skal dei gjere ved å lage korte presentasjonsvideoar i picasa - som skal innehalde lyd, tekst og bilete. Desse filmane skal etterkvart lastast inn i google earth og plasserast. Slik vil ein kunne få ein "tour" gjennom Volda - der ulike deler av Volda vert presentert med ein video. I vårt eksempel har vi lage ein kort video med bilete frå Haualeite.

Overraskande enkelt å lage videoar av bileta i PICASA (lokalt installert på maskina, versjon 3)! Dette verktøyet vil heilt klart vere enkelt og greit for elevane å nytte i skulen. Google earth er og eit fascinerande verktøy.... må lære meir om dette!

torsdag 5. mars 2009

Design- header

Etter kommentar frå Stine, systra mi: "er det ei familieavis du skal lage?" ... følte eg ein viss trang til å gjere headeren litt meir anonym - håper eg har lukkast med det. Poenget var jo at det skulle vise ulike digitale media, på ein litt personleg måte.

Her er det nye forslaget:
Kva tykkjer du? Betre eller dårlegare? Den var kanskje litt intens... Kommenter gjerne... Eg vart så flau at eg fjerna kommentaren til Stine - angra på det no, men får desverre ikkje gjort det om. Er ein prosess dette med å blogge - men eg lærer!

I samlinga idag snakka Helene litt om design og visuell identitet. I den forbindelse hadde ho laga lik header for både blogg, nettstad og nettavis. Det tykkjer eg var ein særs god ide - dermed har eg herma! Takk Helene ;). Om det blir slik etterkvart for vi sjå, dei er jo i stadig endring desse nettstadane.

onsdag 4. mars 2009

Avisproduksjon

Natt til tirsdag starta med eit aldri så lite sjokk; A2 - vi skal lage nettavis :) spennande! Frist nr. 1 - 8 mars! NO søndag! HJELP! Umiddelbar melding i fronterforum dagen etter - dette må jo vere ein spøk tenkte eg, men det var det ikkje.

No når eg har fått roa meg litt då, gått igjennom avisleksjonen - oppretta nettstad for individuell avis, og i det heile, så ser eg jo at det kanskje ikkje var så heise gale likevel. Eg gleder meg til arbeidet med avisa. Litt stress taklar vi ...

Headeren for nettavisa mi ser foreløblig slik ut:
Vi skal opprette ei nettavis - fyrst individuell (sikkert for at alle skal lære gangen i det), og så gruppeavis, neste veke. Verktøyet vi skal bruke er
wordpress. Dette verktøyet virka i det store og det heile veldig enkelt og greit og ha med å gjere - forstår ikkje heilt kvifor vi ikkje nyttar dette for arbeidsmappa- men det har sikkert ei logisk forklaring det og... som eg sansynlegvis skal ha fått med meg i ein eller annan leksjon.

Lærdommen her er vell at eg bør skaffe meg oversikt FØR eg giv laust i forum ved seinare sjokkopplevingar...