lørdag 28. februar 2009

Mappeoppgåve2

Eg må seie at eg til slutt er fornøgd med M2resultatet vi saman har skapt på gruppa. Vi har lagt mykje arbeid i denne oppg., så det blir spennande/ litt skummelt å få tilbakemelding!
(Resultatet vil etterkvart dukke opp i arbeidsmappa, under samansette tekster)

Mange av desse samarbeidsverktøya vi har er rett og slett geniale - Skype, google docs, mindomo, msn - samarbeidet har gått smertefritt, og eg ser heilt klart at dette kan brukast også i grunnskulen. (så lenge det virka som det skal)

Noko frustrasjon sit eg likevel igjen med, då google docs ikkje fungerer som det skal for tida. Har gjort opp att ting 100 gongar, og dette er ikkje akkurat motiverande. No ser det ut som eg har fått på plass det eg ville ha på plass...så for vi håpe det ikkje endra seg før nedlasting til pdf funksjonen er oppe å går igjen. (Kanskje er det eg som gjer noko feil?)

No må eg vertfall satse på å få lest nokre leksjonar i 104, så eg ikkje ramlar heilt av lasset.

tirsdag 24. februar 2009

Comic life

No har eg testa ut comic life! Her kan du sjå eit eksempel. Dette er eit artig verktøy, som er enkelt å bruke. Det kan gjere arbeidet med samensatte tekster til ein leik...men vi må halde fast i fokuset på læring.

Det er ikkje vanskeleg å finne grunngjeving for bruk av denne type verktøy i L06. I læreplanen sin generelle del finn vi blant anna at; Bruk av digitale ferdigheter i det pedagogiske arbeidet i og på tvers av fag, vil gi elever fortrolighet og tillit til teknologien og dens muligheter...[...]...Å kunne bruke digitale verktøy i norsk er nødvendig for å mestre nye tekstformer og uttrykk. Dette åpner for nye læringsarenaer og gir nye muligheter i lese- og skriveopplæringen, i produksjon, komponering og redigering av tekster.

Desse kompetansemåla er alle henta frå hovudområdet samensatte tekster:

Etter 2. klasse:
arbeide kreativt med tegning og skriving i forbindelse med lesing

Etter 4. klasse: lage fortellinger ved å kombinere ord, lyd og bilde

Etter 7. klasse: lage sammensatte tekster med bilder, utsmykninger og varierte skrifttyper til en større helhet, manuelt og ved hjelp av digitale verktøy

Etter 10. klasse:
  • bruke ulike medier, kilder og estetiske uttrykk i egne norskfaglige og tverrfaglige tekster
  • vurdere estetiske virkemidler i sammensatte tekster hentet fra informasjons- og underholdningsmedier, reklame og kunst og reflektere over hvordan vi påvirkes av lyd, språk og bilder
(http://www.udir.no/templates/udir/TM_UtdProgrFag.aspx?id=2103)

Eg trur og at Comic Life kan vere eit nyttig verktøy i arbeid der elevane skal sette seg inn i roller, og ev. skape dialogar og jobbe med haldningar. For eksempel i arbeidet mot mobbing. Her kan elevane (på ein litt ufarleg måte) setje ord på ting og skape fiksjon, samtidig som dei vil verte meir bevisste på ulike roller som oppstår og korleis det kan opplevast.

M2

Arbeidet med denne oppgåva starta i eit diskusjonsdokument i google dokumenter, her delte vi tankar og idear om korleis vi kan gripe ann denne oppgåva. Heilt i startfasa av oppgåva oppretta Siv Mette eit tankekart i mindomo - der vi strukturerte oppgåva og organiserte tankar og idear. Dette verktøyet er svært nyttig, spesielt i startfasen av arbeisprosessen, då det sorterer og sammenfatter tankane på ein oversiktleg måte.

Det vidare arbeidet med oppgåva har gått føre seg pr. skype, msn og i samskrivingsdokument i google dokumenter. Eit nettmøte igår staka ut kursen for siste del av arbeidet med oppgåva, og det ser ut som vi vil halde det nettbasert heile vegen.

Emne for denne oppgåva er samensatte tekster. Dette er eit vidt og omfattande emne som kan by på mange interessante utfordringar. Ei av dei er alle dei "kreative" verktøya som er tilgjengelege for utforsking og arbeid. Kva skal vi presentere for elevane? Kva type verktøy høyrer heime i denne sammenhengen? Eg trur det er vanskeleg å svare på dette spørsmålet. Det er viktig at læraren kjenner dei ulike verktøya han vel å presentere for elevane, slik at begrensningane og mogelegheitene er klare. Nokre område kan stå opne for elevane for utforsking, mens andre bør ha konkrete og klare mål i læringsarbeidet.