onsdag 21. januar 2009

Sosial web som læringsarena?

Interessa for den sosiale weben har eksplodert dei siste åra, og sosial programvare som msn, facebook, YouTube og liknande har blitt ein viktig del av ungdommens sosiale liv. Her deler dei bilete, videoklipp, erfaringar og elles det dei finn av interesse. Samtalen går lett, anten gjennom IM eller kommentarar til bilete og/ eller meldingar i gjesteboka. Forskaren Petter Bae Brandzæg tek sikte på å gjere greie for ein teori rundt korleis nettsamfunn vert brukt, i det undersøkjande arbeidet har han blant anna kome fram til at heile 53% av alle nettbrukarar i Noreg mellom 15 og 75 år er aktive brukarar av nettsamfunn. Heile 25% av Noregs befolkning er medlem på facebook!

Spørsmålet er kor mykje av den sosiale programvara som elevar/ studentar tek i bruk på fritida har noko i det formelle læringsmiljøet å gjere?

Michael Wesch har vist seg å vere ein av dei som stiller seg positive til bruk av den sosiale weben som læringsarena. Han tok tak i "sine eigne" studentar på Kansas State University for å få dei til å sei si meining om den undervisninga dei vart tilbodne. I undersøkinga, der 131 studentar deltok, kom det fram at gjennomsnittet av studentane leste under halvparten av det pensumet som låg til grunn for studiet. Av dette igjen var det berre 26% som vart oppfatta som meiningsfullt for deira liv. Ein stor del av studentane erkjende å drive tida med ”facebooking” eller andre liknande aktivitetar under førelesingane.

Wesch påstår at dersom du går inn i eit klasserom og lyttar til spørsmåla elevane/ studentane stiller så vil du fort oppdage om det er meiningsfylt læring tilstades. Kor langt må vi skrive i denne oppgåva? Når er innleveringsfristen? Og kva treng vi å vite for å bestå denne testen? Er alle eksempel på spørsmål du ikkje vil ha i eit meiningsfylt læringsmiljø. Spørsmåla som kjem frå studentane bør vere spørsmål som utfordrar deira eigne fordommar og idear om korleis ting skal vere/er. Spørsmåla bør føre til kritisk tenking og refleksjon, og gjerne verte besvart med eit nytt spørsmål.

Den meiningsfulle læringa er i fokus, og Wesch meiner at den i stor grad er fråverande i dagens undervisningssamfunn. Han viser at mange har foreslått sosial programvare som ei redning! Han støtter opp om dette og vil at studentane skal få boltre seg i det miljøet dei er vande med å vere aktive deltakarar saman med medstudentar og lærarar. Han kallar det for "anti-undervisning" då undervisning, i følgje undersøkinga gjort blant studentane, ser ut til å stå i vegen for læring. Han meiner at her kan studentane få utvikle si eiga læring meir i samråd med det som er relevant for studentane sitt liv, i motsetning til ei tradisjonell undervisningsform, der studentane er passive mottakarar og lærarane sit med informasjonen som skal inn.


Brandtzæg er skeptisk til at det skal vere eit voldsomt læringspotensiale i bruken av den sosiale weben, blant anna på bakgrunn av at berre 30% av medlemane i norske nettsamfunn er aktive bidragsytarar. I ein presentasjon av den britiske forskaren Niel Selwyn gitt på ei konferanse om sosial web og læring, kan vi sjå at elever stort sett bruker internett som ein informasjonskanal der dei lastar ned, heller enn lastar opp, når det gjeld formell informasjon. Berre 17 % har bidrege til ein wiki enten både på skulen og heime, eller berre heime. Mens 6 % seier at dette har dei berre gjort på skulen. Når det gjeld bilete og videoar viser også tala her at det er klårt fleire elevar som har lasta opp for å dele med andre.

Selwyn er og tilbakehalden til denne tanken om at den formelle undervisninga plutseleg skal skje over nett. Han viser til at det er alt for lite forsking på området, og ber lærarar reflektere nøye over korleis det vil gagne undervisninga før dei tek i bruk den sosiale weben som undervisnings/ læringsarena. Han erkjenner og det faktum at sosial programvare har blitt ein stor del av livet til dagens ungdom og ser på dette som ein positiv arena for uformell læring, der det sosiale står i sentrum ved bruk av IM, deling av kreativ skaping, speling og katalogisering. Han ser derimot ikkje korleis studentane plutseleg skal verte meir aktive produsentar av kunnskap ved å ta i bruk denne "fritidsaktiviteten" deira i undervisninga. At studentane plutseleg skal produsere sine eigne læremiddel er heller ikkje gjort i ei handevending, praktiske ting som læreplanar og fastlagt pensum skal og takast omsyn til! Har studentane i det heile tatt interesse av å integrere sosial programvare i læringsprosessane sine? Begge dei sistnemnte forskarane ser fram til meir forsking på området, og er opne for at synet kan endre seg i framtida, men vil foreløpig ikkje anbefale dette som arena for "formell undervisning".

Personleg stiller eg meg positiv til Wesch si evne til å ta tak i problema! Han ser at det er noko som ikkje er som det skal, og gjer det han meiner kan hjelpe. Han har lukkast med å integrere sosial programvare i læringsprosessane, eller omvendt... at læringa foregår på den sosiale weben! Studentane er aktive og produserer kunnskap for kvarandre, i motsetning til å ta til seg ein fjerdedel av kunnskapen som blir plassert framfor nasa. Fantastisk! Samtidig så ser eg at det kan verte eit problem å gjennomføre denne type totalforandring i dagens læringsarena! Det krev kompetanse og vilje, ikkje berre frå lærarar og elevar men og frå politisk hold; når det gjeld læreplanar og praktiske ting som må på plass for at dette skal kunne verte ein realitet. Med dei erfaringane og den forskinga som ligg føre om digital kompetanse i dagens skule kan vi vell slå fast at det er ein lang veg å gå før dette vert ein naturleg prosess.


_________________________________________________________________________________
http://www.cea-ace.ca/media/en/AntiTeaching_Spring08.pdf

http://en.wikipedia.org/wiki/Instant_messaging

http://www.itu.no/Nyheter/1224159645.86

http://www.itu.no/Nyheter/1224493677.04

http://www.itu.no/filearchive/neil_selwyn_oslo.pdf

http://www.youtube.com/watch?v=J4yApagnr0s


3 kommentarer:

  1. Ikke dårlig Linda. Her har du fått med det meste som var vesentlig i de tre videoene. Jeg må helt ærlig si at jeg datt litt ut av de ITU-videoene (Brandzæg og Selwyn), både pga. dårlig lyd, men og fordi de ikke var særlig spennende. Wesch derimot, ble jeg sittende å glane på. Kanskje det kan ha noe med at han var positiv til tanken? Kanskje jeg VIL være positiv, og derfor lar meg engasjere av tanken om at dette kan gå?

    SvarSlett
  2. Ja, var dårlig lyd! Er det ikkje datafolk som har laga dette...?!? tenkte eg ;)! Men med eit godt headset så gikk det betre!

    Kva eg har fått med og ikkje er ei anna sak! Eg tykkjer og at Wesch sitt innlegg var av det meir inspirerande slaget! Viljen til og lukkast og evne til å ta tak, burde vell og (strengt tatt) engasjere meir enn dei negative haldningane. Sjølv om kritikarane vanlegvis har ein del og fare med...

    SvarSlett
  3. Artig å lese andres tankar om andres tankar! Domino-lære-effekt vert det av slik innsats.
    Takk for inspirasjon! Mvh Hjørdis

    SvarSlett